onsdag 10. februar 2010

Dag 3 - Rondeheim Leirskole

Ja, da nærmer dag 3 seg ferdig her på Høvringen. Dagen i dag var den store turdagen, da vi rett etter frokost (kl 10.00) skulle stille opp i fullt skiutstyr og være klar til skitur. Temperaturen tidlig på morgonen var -20 grader, og vi hadde blå himmel.. Senere økte temperaturen til ca -10, og vi fikk litt skyer over oss, uten at det gikk utover humøret på elevene. 


Elevene ble delt inn i 2 grupper som skulle gå to litt forskjellige turer. Den eine gruppa skulle gå ca 20 km, den andre ca 12,5 kilometer. Begge gruppene gikk ca samtidig fra leirskulen. Først gikk vi til ei hytte som heite Smukksjøsæter, der det var ein kafè der vi alle kunne gå inn og spise matpakka og drikke varm saft. Der var det og ein kiosk som man kunne nytte seg av. Noe dei fleste gjorde.


Når vi hadde spist matpakka (og det vi hadde kjøpt i kiosken), så bar det videre til Per Gynt hytta for dei som skulle gå den lengste turen. Nokre valde å hoppe over fra gruppe 1 til gruppe 2 som da skulle gå ein anna veg tilbake. Dei frå Ringstad som valde å gå heilt til Per Gynt hytta var: Filip, Shanjiv, Markus, Shabia, Ola, Amalie, Thea, Mia, Kennet-Andre, Niklas, Solveig(7b) og Håvard. 


Vi var ca 40 stykker som reiste videre til Per Gynt Hytta, og alle var i godt humør. Vel oppe på hytta satt vi oss ned og ein av leirskulelærarane fortalde kvifor den heitte Per Gynt Hytta. Vi spiste litt og drakk litt varm drikke der også. Så bar det heimat til leirskulen. (ca 1 mil att då).. Heimatturen gjekk ein litt anna vei enn frammatturen. Det var ingen som klaga eller bar seg. Kjempebra. Vi var heime på Leirskulen ca kl 16.15.


Da var det et par timer fritid før det bar til att med middag og underhaldning kl 20.00. Middagen i dag var potetstappe, kjøttkaker, broccoli og brunsaus. Ein kan si at maten gjekk ned på høgkant. 


Kl 20.00 var det tid for samling med utdeling av besteromspris igjen (ein skiløper i messing). Så hadde 7A frå Ringstad ansvaret for underhaldninga. Publikum var Kviltorp Skule, Molde og 7B, Ringstad. Dei hadde laga til eit innlegg med reklame for Stranda Kommune (Solveig i 7A las opp den) ein quiz (Petter og Edis var sjefane der), eit moteshow på catwalk (der det deltok både gutar og jenter i 7A) og nokre leiker (som innebar at nokre blei tildels svært våte). Alt i alt blei det en underhaldande aften for publikum og oss lærara.


No er det nokre minutt at til vi skal ha klassevise møter, der vi snakker litt om dagen i dag, og om det som skal skje i morgon. I morgon skal vi ta ein liten skitur, og så skal vi grave snøhuler. Men det får du vite meir om i morgon.


BILETE

Nokre bilete frå dag 3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar