I dag har temaet vore å lære å lage snøhule og korleis ein skal unngå snøskred. Klokka 10 i dag møtte eleven opp i samlingsrommet, der vi gjekk gjennom ein del om korleis ein skal lage ei "nisje", altså ei nødsnøhule om ein blir overraska av uvær når man er ute på skitur. Vi lærte også noko om fjellvettreglene.
Klokka 12 var det klart for utmarsj til det området vi skulle lage desse "nisjene". Alle ca 115 eleven var med ut (frå 3 skuler, ei moldeskule, ei frå Harøya, og Ringstadelevane). Turen ut var kort og grei ca 2 kilometer. Der var det nokre skavlar som vi skulle grave i. Men først var det ein liten rast, da vi fekk spise og drikke litt. Så fekk alle elevane eit område i skavlen som dei skulle grave i.
Alle gjorde ein flott jobb med hula si, og alle har hatt ein flott dag, sjølv om været ikkje var topp (litt snø, men ikkje vind). Temperaturen var vel ca -5 til -10 grader (har ikkje fått sett på gradestokken i dag)..
Når vi kom ned at til leirskulen kl 16.15-16.30 hadde elevene fri fram til middag, som var lasagne m/salat og vann til drikke.
Klokka åtte var det som vanlig samling, men i dag var det i matsalen der elevane fekk servert (av lærarane) kringle og saft. Det var også utdeling av skiløper (altså beste rom) og beste rom samanlagt for heile veka for dei ulike husa. Dei fekk også utlevert diplom.
Vi var ferdige i matsalen ca kl 20.40, og kl 21.00 skal det være diskotek i de eine huset. Så det held dei på med akkurat i skrivende stund, så det skal det forteljes meir om i morgon. Vi reise frå Høvringen ca kl 10.00, og reknar med å være på stranda ca kl 1500 eller deromkring. Foreldra skal få beskjed når de skal hente ungene dykkar på kaia.
BILETE (trykk for større versjon)

Kjekt å vere på leirskule! Ser ut som alle har hatt ei fin veke :)
SvarSlettKjempeflott dag i snøen virka d som dåkke har hatt både idag og tidligere i uka.
SvarSlettVeldig flott av deg Morten å lage til denne bloggen..
Ønsker dåkke velkommen heim fredag- skal bli godt å få storegutten heim igjen!!!
At dåkke alle har hatt en bra opplevelse levner ingen tvil etter d som er skrevet og som bildene viser :)